Konsertførestillinga byggjer på boka, og er ei historisk, personleg og nærgåande musikalsk forteljing om spelekvinner som var blinde og beinlause, som spela i bryllaup og til dans, og som vart både ovundra og hindra i å spela. Førestillinga tek opp kvifor spelekvinna ei tid forsvann og vart borte, for så å koma attende i tradisjonen, og om korleis finna sin plass som spelekvinne på ny.
Arrangør: Kapittel i samarbeid med Stavanger jazzforum / Spor 5
«Resultatet er solid scenekunst.» Avisa Hordaland.
«Det er sjeldan å sjå og høyra at alle delane i eit slik prosjekt dreg så eintydig i lag, men i sentrum står Benedicte Maurseth og gjennomfører ein kraftprøve utan eit einaste feil- eller kvileskjer.» Salt Peanuts.
Medverkande scenisk:
Benedicte Maurseth – hardingfele, forteljing, lesing
Produksjon:
Hildegun Riise –regi,manusutvikling
Birk Nygaard – scenografi, lys og videodesign
Mari Kanstad Johnsen – illustrasjon
Kieran Kolle – video
Rune Døli – grafisk design
Jørgen Træen – lydkollasj
Benedicte Maurseth – komposisjon og manusutvikling
Konsertførestillinga er produsert i samarbeid med Osafestivalen og Riksscenen