Hopp til hovedinnholdet

Gjennom dei siste fire åra har Strengeplukk etablert seg som eit av dei mest virtuose, utforskande og energiske gruppene på den norske bluegrasscena, sterkt inspirert av både den moderne og den tradisjonelle bluegrassmusikken frå USA.

Forfatter: hk

Scenisk sett er Strengeplukk nærmast unikt i norsk samanheng. Runddansen som oppstår ved bruken av ein einaste mikrofon, såkalla «one-mic technique» er verdt turen åleine! Gruppa er no klar for å sleppe ein dobbel EP med folkemusikkinspirert bluegrass og bluegrasslåtar på norsk. På den første EP’en har målet vore å skape musikk etter alle bluegrassens lover og reglar, men med norsk tekst, sunge på vestlandsdialekt. Musikken i den andre EPen er heilt instrumental og befinn seg i det spennande grenselandet mellom bluegrass og norsk folkemusikk.

Strengeplukk er eit bluegrassband med ein fot godt planta i bluegrasstradisjonen og ein fot på vandring i alle andre sjangrar som folkemusikk, jazz og pop/rock. Bandet kom saman på Fakultet for Utøvande Kunstfag ved UiS i 2015. Etter fem år med blågrasen har bandet turnert store delar av Noreg med konsertar frå Svalbard i nord til Mandal i sør. I 2018 blei gruppa invitert til å spele på prestisjetunge «European World of Bluegrass» i Nederland. Samme år slapp dei debutalbumet «Fjellvegen». Kvar sommar har dei drege på turné med stopp innom både jazz-, country-, roots- og bluegrassfestivalar, men denne sommaren vart det, som for så mange andre, bråstopp.

Etter total konserttørke det siste halvåret er det eit særs ivrig og gira Strengeplukk som står klart på scena 3. September!