Hopp til hovedinnholdet

Ungt 40-årsjubileum for Ny Bris! Det er ikkje tvil om at vinden bles Dag Arnesens veg. Med seg har syttiåringen brakt norsk folkemusikktradisjon ut av landet til eit internasjonalt jazzpublikum på ein måte som berre Jan Johansson kan matche i Skandinavia. Samstundes har han vore den som har eit vakent auge for nye talent, og har ikkje kvidd seg for å ta nytt blod inn i banda sine.

Ny Bris – som slo gjennom på tidleg åttital – har framleis kultstatus i Bergen, og vart eit springbrett for ein ny generasjon musikarar. På scena er han den lyttande, alltid klar til å respondera på innspel frå medmusikantar, og – det finaste av alt – alltid klar for å gje nye talent rampelyset. 40 år etter debuten gjer han det igjen!

Ny Bris er tilbake i ei splitter ny besetning med bakgrunn frå Griegakademiet i Bergen – og ei ungdomskjelde for ein pianist som lét ung og vital som aldri før!

Besetning; Dag Arnesen – piano, Elisabeth Lid Trøen – saksofoner, Aksel Røed – saksofoner, Hans Marius Andersen – trompet, Arne Toivo – bass og Sigurd Steinkopf – trommer.

KJØP BILLETT

Konserten er en del av Vestnorsk jazzsenter sin turnèordning Den Musikalske Stamvegen.