Hopp til hovedinnholdet

Tre generasjoner jazzutøvarar møtes med pianolegenda Knut Kristiansen i spissen. Kåkå – to stavingar som maner fram bilete av myndig autoritet og briljant pianospel.

At Bergen huser ein av dei fremste tolkarane av Monk i Europa er ein vesentleg, men ikkje utfyllande del av historia om Knut Kristiansen – undervegs har han lagt grunnlaget for eit yrande jazzliv og musikkundervisning i byen, starta storband og vore (og stadig er!) ein vesentleg formidlar av afrikansk og latinamerikansk musikk. Han vann Buddyprisen i 1983 og Vossajazzprisen i 1990. No drar han på tur med ungdommen i ei blanding av eigen originalmusikk og komposisjonar av mellom anna Dollar Brand og Ornette Coleman.

Bassist Magne Thormodsæter underviser på Griegakademiet, har vore dagleg leiar for Bergen Big Band, og deltatt i rekkje innspelingar – frå Lene Marlin til Terje Rypdal.
Slagverkar Sigurd Steinkopf har ikkje rukke å bli 25 år enno, men har allereie rukke å opptre med Joshua Redman og vunne Ungjazzpris med Peace, Love and Swing.
Sistemann i kvartetten er den dyktige saksofonisten Aksel Røed kjent bl.a. fra Bergen Big Band.

Konserten arrangeres i godt samarbeid md Vestnorsk jazzsenter / Den Musikalske Stamvegen

KJØP BILLETT