Anna Klungre «east/west»

Det er klart for sleppkonsert med Anna Klungre! «east/west» er Anna Klungre sitt debutalbum og eit av hennar største prosjekt til no. Med utgangspunkt i jazz, improvisasjon og kormusikk har ho laga eit storverk som gjenfortel folkeeventyret «Austanfor sol og vestanfor måne».


Musikken vekslar mellom gjennomarrangerte korsatsar og melodiar, til fritt improviserte strekk som tek lyttaren med gjennom reisa til protagonisten i eventyret. All tekst og musikk er komponert av Klungre, med inspirasjon frå blant anna norsk kormusikk, Bach og improvisert, eksperimentell vokalmusikk.

Anna vann Bate talentpris i 2020 og juryen sa blant anna; «….Anna har vist stor utvikling, både håndverksmessig og kunstnerisk. Anna har en bemerkelsesverdig åpenhet. Hun er nysgjerrig og uredd og har demonstrert stor allsidighet som sanger og komponist. …..Anna er fleksibel, men beholder likevel sin egenart i alt hun gjør. Hun demonstrerer en stor trygghet både som ensemblemusiker og som solist, noe som er svært viktige egenskaper i jazzrelatert musikk»

Anna Klungre – vokal og komposisjonar
Esther Kverno – piano
Haakon Kjeldsberg – gitar
Thomas Lossius – kontrabass
Theodor Christian Frølich Dalseth – trommer

Kor:
Amalie Grani, Jonah Mattias Nybø Lowry og Jack Royle

Kjøp billett

andre artister