Hopp til hovedinnholdet
  • Fredag 20. september 2024
  • 20:00
  • Spor 5
Kjøp billett

Systerspel – om spelet som var og spelet som vart borte – med Benedicte Maurseth

Kvifor vart dei borte frå kvardag og høgtid, medvit og tanke, skrift og tale? Dei var her, og så vart dei borte? Systerspel,er ei bok skrive av Benedicte Maurseth om spelekvinner som spela fele frå 1700-talet til i dag. Eit verk omtalt som «en begivenhet» i Bokmagasinet i Klassekampen. Å spela fele var for menn. Det har me alltid trudd. Men Maurseth har leita fram kvinnene, frå skrift og munnleg tradisjon, og fortel om dei gjennom fakta og meddikting. Dei er fleire enn du trudde.

Konsertførestillinga byggjer på boka, og er ei historisk, personleg og nærgåande musikalsk forteljing om spelekvinner som var blinde og beinlause, som spela i bryllaup og til dans, og som vart både ovundra og hindra i å spela. Førestillinga tek opp kvifor spelekvinna ei tid forsvann og vart borte, for så å koma attende i tradisjonen, og om korleis finna sin plass som spelekvinne på ny.

Arrangør: Kapittel i samarbeid med Stavanger jazzforum / Spor 5

«Resultatet er solid scenekunst.» Avisa Hordaland.

«Det er sjeldan å sjå og høyra at alle delane i eit slik prosjekt dreg så eintydig i lag, men i sentrum står Benedicte Maurseth og gjennomfører ein kraftprøve utan eit einaste feil- eller kvileskjer.» Salt Peanuts.

Medverkande scenisk:
Benedicte Maurseth – hardingfele, forteljing, lesing

Produksjon:
Hildegun Riise –regi,manusutvikling
Birk Nygaard – scenografi, lys og videodesign
Mari Kanstad Johnsen – illustrasjon
Kieran Kolle – video
Rune Døli – grafisk design
Jørgen Træen – lydkollasj
Benedicte Maurseth – komposisjon og manusutvikling

Konsertførestillinga er produsert i samarbeid med Osafestivalen og Riksscenen